På søndag 2. september kjem Matti Røssland tilbake til Kanaldagane.

Matti Røssland er viden kjent i Norge for sine tekstar og melodiar, og har alltid fiksa kunsten å laga melankolske glad låtar i beste New Jersey-tradisjon. På sin eigen måte, og på sin eigen dialekt. 

Matti er ein kunstnar: Spesiell, sterk og sjarmerande, romantisk, rotlaus og rådvill. Matti har levd som dei fleste av oss, men han har samla på inntrykka, kjenslene, nederlaga og seierane. Underfundig, melankolsk og naken. 

Det einaste beviset ein har på at tida ikkje har stått stille er at ferja i Valevåg har lagt til kai for siste gong.

Quizkveld med Gunnar Meling!

Fredag kveld kl.2030, vert det quiz, som er nytt på Kanaldagane. 6 personar per bord/lag, og billettpris er kr.100,- pr. person. Quizmaster er Gunnar Meling. Det vert premiering til beste lag.  Dette arrangementet har skjenkerett og 18 års aldersgrense. Billettar kjøper ein ved inngongen.